Umeå
Umeå er ein svensk by som ligg i Västerbottens län i Västerbotten. Han ligg ved utløpet av Ume älv i Bottenviken og er administrasjonssenter både for Västerbottens län og Umeå kommun. Bykjernen Umeå har 79 594 innbyggjarar (31. desember 2010), medan kommunen har rundt 110 000 innbyggjarar.
Umeå | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Län | Västerbotten | ||
Landskap | Västerbotten | ||
Areal | 3 632 km² | ||
Folketal | 94 243 (31. desember 2023) | ||
![]() Umeå 63°49′42″N 20°16′14″E / 63.828453583518°N 20.270566462023°E | |||
Wikimedia Commons: Umeå |
Umeå er ein viktig industristad med trevare- og treforedlingsindustri, karosserifabrikk og meir. Umeå er eit viktig handelssentrum og kommunikasjonsknutepunkt for jernbane og E4. Hamna i byen ligg i Holmsund, 18 km søraust for sentrum. Frå her er det ferjesamband til Vasa i Finland. Her er ein innanriksflyplass.
Umeå universitet, det nordlegaste i Sverige, vart grunnlagt 1963. I tillegg ligg her kunsthøgskule og andre skular, Norrlandsoperan, fleire museum, eit regionssjukehus, regionkontor for Sveriges Radio og Sveriges Television.
Det nordlegaste av dei tre statlege arkiva for innsamling av tradisjonsstoff i Sverige ligg i Umeå (Dialekt-, ortnamns- och folkminnesarkivet i Umeå (DAUM)).
Soge
endreUmeå fekk bystatus i 1588 av Johan III av Sverige.
Ein brann 25. juni 1888 øydela nesten heile byen. Ingen menneske omkom i brannen, men kring 2 300 av 3 000 innbyggjarar i byen blei heimlause.
Venskapsbyar
endreHarstad er den norske venskapsbyen. Andre venskapsbyer er Vasa i Finland, Helsingør i Danmark, Würzburg i Tyskland, Petrozavodsk i Russland, Saskatoon i Canada og Oxford i England.
Galleri
endre-
Umeå cirka år 1700.
-
Sentrale Umeå sett frå Hamrinsberget.
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2024) |