Larsøya er ei lita øy på sørvestkysten av Bouvetøya i Sør-Atlanteren. Ho har ei utstrekking på om lag 500 meter og skilst frå Catoodden ved Mottesundet.

Larsøya
øy
Land  Bouvetøya
Koordinatar 54°27′11″S 3°18′54″E / 54.452952°S 3.315040°E / -54.452952; 3.315040
Areal 0,04 km²
Folketal 0
Kart
Larsøya
54°27′11″S 3°18′54″E / 54.4531°S 3.315°E / -54.4531; 3.315

Øya vart første gongen kartlagt i 1898 av ein tysk ekspedisjon under leiing av Carl Chun. I samband med den første Norvegia-ekspedisjonen vart det gjort ei ilandstiging på Larsøya i desember 1927. Under den andre (1928/29) og tredje (1929/30) Norvegia-ekspedisjonen vart det sett opp to små depothytter på øya.

Øya er namngjeven etter kvalfangstreiaren Lars Christensen, som finansierte Norvegia-ekspedisjonane.

Kjelder endre