Lars Breie

norsk politikar

Lars Breie (3. april 19075. oktober 1999) var ein norsk jurist frå Ål i Buskerud og politikar for Arbeidarpartiet. Han var riksrevisor frå 1950 til 1978.

Lars Breie
Fødd3. april 1907
Ål
Død5. oktober 1999 (92 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Breie var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han skulevegen, vart student i 1929 og tok til på jusstudiar. Etter å ha vorte cand.jur. i 1933 arbeidde han i femten år som overrettssakførar i Ål. Her fekk han plass i heradsstyret frå 1938, fungerande ordførar i 1940 og 1945.

Ved stortingsvalet hausten 1945 vart Breie vald til stortingsrepresentant for Buskerud og Arbeidarpartiet. Attvald fire år seinare.

Frå 1950 var Breie riksrevisor, eit ombod han hadde heilt fram til 1978.

Breie vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1979.

Bibilografi endre

  • Ål kommune 1837-1937, Drammen, 1937.
  • The auditing and control of government accounts in Norway, Oslo, 1960.

Kjelder endre