Lars Helge Birkeland (fødd 11. februar 1988) er ein norsk skiskyttar frå Birkenes i Aust-Agder. Han vart verdsmeister då han gjekk den fyrste etappen på det norske laget som vann 4 x 7,5 km stafett under VM i skiskyting 2019 i Östersund. Birkeland deltok også på Norges lag som tok sølv på stafett under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang. Han er medlem i Birkenes Idrettslag.

Lars Helge Birkeland

Lars Helge Birkeland close-up.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. februar 1988
Tønsberg
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar

Han er sidan 2015 gift med Fanny Horn Birkeland.

Lars Helge Birkeland

AktivEndra

Lars Helge Birkeland deltok på 20 km i verdsmeisterskapen i skiskyting både i 2012 og 2013, i begge tevlingane hamna han langt ned på resultatlista. Betre gjorde han det då VM i skiskyting 2017 fann stad i Hochfilzen, der han kom på niandeplassen på 20 km, med eitt tillegssminutt. Under dei olympiske vinterleikane 2018 i Sør-Korea tok han seg av den fyrste etappen for eit norsk mannskap som enda opp med sølv i 4 x 7,5 km stafett. Året etter vann Birkeland VM-gull då han på ny fekk gå fyrstetappen for Noregs lag i 4 x 7,5 km. Etter Birkeland gjekk Tarjei Bø, Vetle Sjåstad Christiansen og ankermannen Johannes T. Bø.

KjelderEndra