Birkenes kommune
kommune i Noreg
(Omdirigert frå Birkenes)
Birkenes er ein kommune i Agder fylke. Birkenes kommune i noverande form kom til i 1967 då kommunane Birkenes, Herefoss og Vegusdal vart slegne saman.
Birkenes kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Adm.senter | Birkeland | ||
Areal | 637,36 km² | ||
• land | 599,14 km² | ||
• vatn | 38,22 km² | ||
Folketal | 5 480 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Gyro Heia (Sp) | ||
Kommunenr. | 4216 | ||
Birkenes 58°26′58″N 8°14′00″E / 58.449444444444°N 8.2333333333333°E | |||
Kart som viser Birkenes kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Birkenes | |||
Nettstad: www.birkenes.kommune.no |
Kommunen grensar til Kristiansand, Vennesla, Iveland, Evje og Hornnes, Åmli. Froland, Grimstad og Lillesand. Sørlandsbanen går gjennom kommunen over ei strekning på 40 kilometer, mellom anna forbi Herefoss stasjon.
Frå utkikkspunktet Liraasen mellom Steinsland og Rosseleand kan ein sjå ned til havet ved Kristiansand på klare dagar. I tillegg kan ein sjå byen Kristiansand, Danskebåten, fyrtårn, fly som lettar, med meir. Punktet har over 2 mils utkikk i luftlinje.