Lars Johan Bucht

svensk skribent

Lars Johan Bucht (3. juli 18138. november 1852) var ein norsk-svensk lensmann fødd i Karungi i Norrbotten i Sverige.

Lars Johan Bucht
Statsborgarskap Sverige
Fødd 3. juli 1813
Død

8. november 1852 (39 år)

Yrke skribent

Bucht var lensmann i Överluleå frå om lag 1838 til 1848, då han vart suspendert for «försummelse i tjänsten» og søkte avskil.

Frå 1848 til 1849 arbeidde han i Mounioniska i Finland som kontorassistent. Her engasjerte han seg òg i arbeidet mot læstadianismen, som hadde fått stor oppslutning i distriktet. Frå 1849 søkte han arbeid på Finnmarkskysten, og fekk etter ei tid arbeid hos ein handelsmann i Talvik.

I september 1851 reiste han med handelsmann Carl Johan Ruth til Kautokeino for å hjelpe han med forretningsdrifta. I Kautokeino var det å den tida stor religiøs uro knytt til den læstadianske vekkinga. Lensmann Ole Isaksen Hætta var sjølv knytt til denne vekkinga, og sokneprest Stockfleth sende klage til futen over at lensmannen ikkje greidde å sørgje for ro på staden, slik at han kunne gjennomføre gudstenestene. Stockfleth rådde futen til å gje Bucht fullmakt til å verke som lensmann. Då Ole I. Hætta vart avsett 8. desember 1851, vart Bucht mellombels tilsett i lensmannstillinga.

Som lensmann fekk Bucht ansvar for å gjennomføre arrestasjonar og innkrevjing av sakskostnader for dei som var dømde etter uroa. Dei andeleg vakte samane såg Bucht som ein fiende, og ved Kautokeino-opprøret 8. november 1852 vart både Bucht og handelsmannen drepen.

Kjelder endre

  • Nellejet Zorgdrager. De rettferdiges strid : Kautokeino 1852 : samisk motstand mot norsk kolonialisme ; omsett frå nederlandsk av Trond Kirkeby-Garstad. - Nesbru : Vett & viten ; Oslo : i samarbeid med Norsk folkemuseum, 1997. - 558 s. .(Samiske samlinger ; B.18, red.: Ove Pettersen).
  • Länsman Buchts brev. Tornedalica nr 25 1978.

På nettet endre