Talvik (kvensk Talmulahti) er ein tettbygd stad i Alta kommune, vest i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke, på 70. breiddegrad nord. Tettstaden ligg på vestsida av Altafjorden, få kilometer nordvest for Alta by. Grunnkrinsen Talvik har 452 innbyggjarar (2006).

Talvik
tettstad
Talvik 01.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Kommune Alta
Folketal 313 (2017)
Folketettleik 763 / km²
Wikimedia Commons: Talvik, Alta

Fram til 1917 var Talvik eit senter for pomorhandelen i Vest-Finnmark.

I 1920 vart det statleg finansierte «Talvik tuberkulosehjem og barnekoloni» oppretta. Heimen vart tvangsevakuert i 1944 og brunnen ned av dei tyske okkupantstyrkane. Sjukehuset vart då midlertidig oppført på Mo i Rana, på staden som i dag vert kalla Talvikparken, og pasientane vart overførte dit. Alle husa i Talvik vart sett i brann og brann ned, berre kyrkja stod att.

Sjå ogsåEndra

KjelderEndra