Opna hovudmenyen

Lars Lefdal (fødd 17. mars 1939 i Lefdal, Nordfjord) er tidlegare vegsjef og Høgre-politikar i Sogn og Fjordane, busett på Hermansverk i Sogn. Lefdal tok eksamen som sivilingeniør ved NTH i 1962, og arbeidde som vedlikehaldssjef hjå Statens Vegvesen frå 1966 til 1977. Han var ordførar i Leikanger kommune frå 1976 og fram til han vart vald inn på Stortinget hausten 1977. På Stortinget var Lefdal nestleiar i samferdslekomitéen. Han var vegsjef i Sogn og Fjordane frå 1989 til 2003.

Lars Lefdal
Fødd17. mars 1939
Nordfjord
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Utdanna vedNoregs tekniske høgskole
VervVegsjef i Sogn og Fjordane 1989-2003
FøregangarKnut Skjånes
EtterfylgjarOle Christian Torpp (regionvegsjef)
VervOrdførar i Leikanger 1975-1977
FøregangarOlav Straume
EtterfylgjarKåre Næss

KjelderEndra