Ordførarar i Leikanger kommune

Wikimedia-listeartikkel

Leikanger herad (Leikanger kommune) vart oppretta i 1837 då formannskapslovene vart vedtekne, og nedlagd 1. januar 2020 då kommunereforma tredde i kraft.

Kommunen bestod av dåverande Leikanger prestegjeld, som tidleg på 1800-talet omfatta soknene Tjugum, Fjærland, Vangsnes, Leikanger, Feios og Fresvik. I dag er dette synonymt med bygdene Leikanger, Fjærland og Balestrand (unnateke Kvamsøy), samt Tingastad-området på sørsida av Fimreitehalvøya, i Sogndal kommune på nordsida av fjorden, og bygdene Feios og Fresvik i Vik kommune, samt Frønningen-godset i Lærdal kommune, på sørsida av fjorden.

Alle dei store stortingspartia utanom FrP har vore representert i kommunestyret, men KrF greidde ikkje stilla liste i 2007 og har sidan vore ute av lokalpolitikken. Venstre, Arbeidarpartiet, Høgre og KrF har alle hatt ordførarar, men Venstre er det partiet som har hatt vervet desidert lengst. SV og Senterpartiet har aldri hatt ordførarmakt, men begge har hatt varaordførarar, og Senterpartiet har hatt klårt flest.

Ordførarar i Leikanger 1837-1849 endre

År Namn Yrke
1838-1839 Christian Gahrup Meidell (1780-1863) Oberstløytnant
1840-1843 Søren Lem Godseigar
1844-1847 Herman Brun (1804-1865) Kjøpmann
1848-1849 Harald Ulrik Sverdrup Kapellan

Ordførarar i Leikanger 1849-1934 endre

I 1849 vart soknene Fjærland, Tjugum og Vangsnes skilde ut frå Leikanger, og danna Balestrand kommune.

År Namn Yrke
1849-1851 Herman Brun (1804-1865) Kjøpmann
1852-1853 Hans Johannes Brun (1826-1886) Handelsmann og hotellvert
1854-1857 Johan David Haslund (1812-1869) Sokneprest
1858-1868 Sjur Sæterlid Gardbrukar
1868 Hans Lem Godseigar
1868-1869 Johan Herman Brun (1833-) Handelsmann
1870-1873 Nils J Njøs (1835-1909) Gardbrukar
1874-1881 Lars M Husabø (1839-1928) Gardbrukar
1882-1884 Jakob Liv Rosted Sverdrup (1882-1884) Sokneprest, stortingsmann og statsråd
1885-1902 Jakob Bøthun (1851-1931) Lærar
1902-1907 Lars M Husabø (1839-1928) Gardbrukar
1908-1916 Nils Tjønn (1860-1920) Lærar
1917-1919 Hans N Grinde (1870-1958) Gardbrukar
1920-1922 Hans Flesche (1882-1926) Bankkasserar
1922 Knut Jordal Kjøpmann
1923-1934 Hans N Grinde (1870-1958) Gardbrukar

Ordførarar i Leikanger 1935-1991 endre

I 1935 inntok partia lokalpolitikken i Leikanger. Kommunen heldt seg samla gjennom kommunereformene på 60-talet, unnateke ei lita justering 1. januar 1964: Eitorn-grendi vart ført attende frå Balestrand til Leikanger, medan Tingastad-området vart overført til Sogndal.

År Parti Namn Yrke
1935-1951 V Olav Tveit (1885-1959) Lærar og klokkar
1951-1957 V Per H. Bøthun (1898-1962) Lærar
1957-1961 V Hans Husabø (1900-1990) Gardbrukar
1961-1963 V Leif Loen (1899-) Lærar
1963-1975 V Arne Grepstad (1913-1975) Skatterevisor
1975 KrF Olav Straume (1909-1983) Fylkesarbeidssjef
1975-1977 H Lars Lefdal (1939-) Vegsjef
1978-1979 KrF Kåre Næss (1919-2004) Butikkmann
1979-1983 H Ola A Vestrheim (1925-) Gardbrukar
1983-1987 Ap Erling Olsen (1941-) Kontorfunksjonær
1987-1991 H Ola A Vestrheim (1925-) Gardbrukar

Ordførarar i Leikanger 1991- endre

Frå 1. januar 1992 vart sørsida med soknene Feios og Fresvik overførte til Vik, medan Frønningen-godset vart overført til Lærdal. Leikanger kommune var etter dette identisk med Leikanger sokn på nordsida av Sognefjorden.

År Parti Namn Yrke
1991-1993 Ap Kjell Helleland (1946-) HVPU-koordinator
1994-1995 Ap Åsta Magni Hauge (1950-2019) Vernepleiar
1995-1999 V Nils Erling Yndesdal (1959-) Fylkesmiljøvernsjef
1999-2003 V Rolf Nesheim (1960-) Kontorfunksjonær
2003-2015 Ap Olav Lunden (1955-) Maskinførar
2015- Ap Jon Håkon Odd (1977-) Kontorfunksjonær

Leikanger kommune opphøyrde som eigen kommune 1. januar 2020 og er i dag ein del av Sogndal kommune. Ordførar Arnstein Menes, som kjem frå gamle Balestrand kommune, oppnådde prosentvis størst oppslutnad i gamle Leikanger kommune ved valet hausten 2019.

Kjelder endre