Opna hovudmenyen

Lars Olai Meling (8. mai 18761951) var ein norsk skipsreiar og politikar frå Haugesund, son til ein skomakarmeister. Venstre-mannen Meling var statsråd i Handelsdepartementet i den fyrste (1924-26) og den tredje (1933-35) Mowinckel-regjeringa.

Lars Meling
Fødd 8. mai 1876

Haugesund

Død 12. mai 1951
Parti Venstre

Meling vart tilsett i kjøpmanns- og skipsreiarverksemda H.M. Wrangell då han var 16 år gammal. Han arbeidde seg fram til å verte medeigar i verksemda frå 1910. Meling var i fleire tiår ein sentral person i skipsfartsmiljøet i Haugesund, var mellom anna initiativtaker til børsen. Han var formann i Haugesunds Rederiforening 1932–33, og styremedlem i fleire bankar og forsikringsselskap.

Periodane 1904-10 og 1916-25 var Meling medlem av Haugesund bystyre, ordførar 1916–17. Perioden 1922-24 var han fyrste varamann til Stortinget for Venstre frå bykrinsen Kristiansand, Mandal, Flekkefjord, Stavanger og Haugesund. Fram til 6. mars 1923 møtte han fast i staden for statsråd Lars Oftedal, var då medlem av justiskomiteen. Sommaren 1924 vart Meling handelsminister då Johan Ludwig Mowinckel danna si fyrste regjering. Då regjeringa vart felt i mars 1926, gjekk Meling til fast plass i Stortinget og formannsvervet i post- og telegrafkomiteen. Permittert frå Tinget den 28. juni 1926 og ut sesjonen, var tilbake i 1927-sesjonen.

Meling fekk plassen som handelsminister då Mowinckel danna si tredje regjering i mars 1933, ein posisjon han hadde til regjeringa gjekk av to år seinare. Hausten 1936 vart han vald til stortingsrepresentant, hadde sete i finans- og tollkomiteen 1937-40. Han møtte ikkje då Stortinget sommaren 1945 vart samla att.

KjelderEndra