Lars Reinton (29. mars 189615. oktober 1987) var ein norsk historikar og skulemann frå Hol i Hallingdal.

Lars Reinton

Far hans var lærar og kyrkjesongar. Lars Reinton sjølv engasjerte seg i den radikale rørsla Mot Dag då han var student i Oslo, samstundes var han formann i Studentmållaget. Etter han vart cand.philol. i 1928, underviste han i den høgre skulen til 1955.

Frå 1937 til 1982 gav Lars Reinton og broren Sigurd S. Reinton ut det åtte band store bygdebokverket Folk og fortid i Hol, eit pionerarbeid i norsk bygdeboklitteratur og lokalhistorie. Doktoravhandlinga om Villandane kom i 1939.

I 1941 vart Lars Reinton avsett frå stillinga si. Sidan var han knytt til Instituttet for sammenlignende kulturforskning fram til 1955. Perioden 1955-61 gav han ut Seterbruket i Noreg. Seinare kom ein biografi om Olav Sletto i 1966. I 1969 kom Viehwirtschaft und Hirtenkultur, eit konsentrat av boka om seterbruket.

Reinton var statsstipendiat frå 1957. I 1960-åra førelas han nokre semester i landbrukssoge ved Noregs Landbrukshøgskule.

Reinton var formann i Landslaget for bygde- og byhistorie fra 1945 til 1970 og redaktør i tidsskriftet Heimen. Han var medlem i Vitenskapsakademiet frå 1956.

Kjelder endre