Folk og fortid i Hol

Folk og fortid i Hol er ei bygdebok i sju band, skriven og redigert av brørne Lars Reinton og Sigurd Reinton. Desse tok utgangspunkt i nedskrifter og samlingar gjort av faren, som var folkeskolelærar og lokalhistorikar i Hol. Bygdeboka er rekna som den mest noggranne i sitt slag, og eit mønster for andre bygdebøker i Hallingdal og elles. Siste band vart utgjeve i 1975. I seinare år har det vore arbeidd med oppdatering av verket, slik at Sæterdalen og Dagali og vert rekna med. Desse områda vart ikkje rekna til Hol politisk før i 1944.

Inndeling endre

Dei to første banda tek for seg generell bygdesoge, frå tidleg tid og fram til forfattarane si samtid. Her finn ein kyrkjesoge, skolesoge, kulturhistorie og draktskikk, og folkemusikksoga for Hol. Dei neste fem banda er vigd gardshistorie, og er samla under nemninga "ætt og eige". Her går forfattarane systematisk fram, grend for grend og vald for vald, frå grensa mot Ål og opp mot Hardangervidda:

  • Kvisla vald for vald
  • Lio vald for vald
  • Ustedalen vald for vald
  • Skurdalen kjem i band sju, delt inn etter valda gardane er skilde frå i Kvisla og Lio.