Larsenbreen er ein isbre som flyt søraust frå Reeves Neve, gjennom Prince Albert Mountains og ut i Rosshavet like sør for Mount Crummer i Victoria Land. Han vart oppdaga av gruppa som vitja den magnetiske Sørpolen under Shackleton-ekspedisjonen, 1907–09. Dei drog opp breen på veg opp til platået oppafor. Dei namngav han Larsenbreen fordi han flyt forbi foten av Mount Larsen, som dei hadde i syne heile vegen på veg opp til breen.

Larsenbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 75°6′S 162°28′E / 75.100°S 162.467°E / -75.100; 162.467
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Larsenbreen
75°06′00″S 162°28′00″E / 75.1°S 162.46666667°E / -75.1; 162.46666667
Larsenbreen is located in Antarktis
Larsenbreen (Antarktis)

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Larsen Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).