Lasse Opseth

norsk fotballspelar

Lasse Opseth (fødd 27. januar 1956) er ein tidlegare norsk fotballspelar og noverande næringsdrivar (2011). Han er fødd på Nordfjordeid, men oppvaksen og busett i Førde.

Lasse Opseth
Fødd 27. januar 1956
Fødestad Eid

Opseth spelte midtspiss på Sogndal i perioden 1980-1983, og 1985-91. Sesongen 1984 spelte han på Lillestrøm Sportsklubb. Fram til og med 1988 var han så å seie årleg toppskårar for Sogndal.

15. juni 1982 spelte Opseth sin einaste landskamp, då Noreg vann 2-1 over Danmark i ein kamp på Ullevål stadion. Han kom på bana midtvegs i 2. omgang, som innbytar for Gabriel Høyland.

I 1994 vart Opseth administrerande direktør for Førde Sementvarefabrikk i Førde.

Spelarkarriere endre

Klubb Kampar Mål Periode
  Førde ? ? -1979
  Sogndal ? ? 1980-1983
  Lillestrøm ? ? 1984
  Sogndal ? ? 1985-1991

Kjelder endre