Fotballklubben er medlem av det såkalla allianseidrettslaget Sogndal Idrettslag, som vart stifta 19. februar 1926. Sogndal vart landskjent då laget spelte seg fram til NM i fotball for menn i 1976. Etter 1981-sesongen var klubben for fyrste gong klar for opprykk til 1. divisjon. I perioden 1982-2004 spelte Sogndal til saman tolv sesongar i norsk toppserie.
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
Fram til 1964 spelte fotballaget Sogndal i krins- og fylkesseriar i Sogn og Fjordane. Hausten 1964 rykte Sogndal opp frå 4. divisjon, og fekk plass i 3. divisjon avdeling Vestland B, som omfatta lag frå Hordaland med Bergen, samt Sogn og Fjordane.
1965-72: 3. divisjon. År 1968 kom laget seg for fyrste gong til tredje runde av noregsmeisterskapen. I 1972 vann Sogndal avdelinga si, Vestland B, etter jamn tevling med fire andre lag. Klubben rykte opp i 2. divisjon etter kvalifiseringskampar mot Vigrestad, vinnaren av Vestland A-avdelinga.
1973: Laget hamna på ein tiande og sisteplass 2. divisjon B, fekk einast ni poeng.
1974-76: Sogndal vann i 1975 3. divisjonsavdelinga med suveren margin, 30 poeng mot toaren sine 20 poeng. Men i kvalfiseringa tapte laget mot Stavanger Idrettsforening. Året etter, 1976, var sigersmargin endå større, 33 poeng mot 22. I kvalifiseringa for 2. divisjon møtte laget Vigrestad, og som i 1972 vart det siger og opprykk. Same året spelte Sogndal seg fram til cupfinalen i noregsmeisterskapen. På Ullevål tapte Sogndal 1-2 mot Brann.
1977-81: 2. divisjon. Sogndal plasserte alle desse sesongane seg på øvste halvdelen av serietabellen. I 1981 vann klubben B-avdelinga to poeng føre Molde Fotballklubb og rykte opp i 1. divisjon for aller fyrste gong.
1982: 1 divisjon. Nedrykk etter at laget hamna på 11. og nest siste plass med 16 poeng, same poengsummen som botnlaget Molde.
1983-87: 2. divisjon. I 1987 vann Sogndal avdeling A med 49 poeng, trepoengsregelen var innført, fem poeng føre Djerv 1919, som også rykte opp.
1988-89: I 1988 spelte Sogndal i den øvste divisjon for andre gong, med 31 poeng hamna klubben på 6. plass, den beste serieplasseringa nokon gong. Året vart det 11. plass og nedrykk med klar margin.
1990: 2. divisjon: Rykte opp att til 1. divisjon etter å ha vunne A-avdelinga med fire poengs margin.
1991-92: 1. divisjon/Tippeligaen. I 1991 hamna Sogndal på 9. plass, medan laget året etter kom på 11. plass, og rykte ned grunna dårlegare målforskjell enn Hamarkameratene. Laget rykte då ned til Divisjon 1, den tidlegare 2. divisjon, ettersom 1. divisjon frå 1992 heitte Tippeligaen.
1993: Vinnar av B-avdelinga i Divisjon 1 (2. nivå) med 47 poeng.
1994: 11. og nest siste plass i Tippeligaen, rykte ned grunna dårlegare målforskjell enn Bodø/Glimt.
1995-96: Divisjon 1 (2. nivå). Både i 1995 og -96 hamna Sogndal på 2. plass i sine respektive avdelingar. I 1995 tapte laget sluttspelkampen mot Strømsgodset, året etter vann det over Odd i tilsvarande kamp.
1997-98: Tippeligaen. Nr 11 av 14 lag i 1997 med 29 poeng, desidert sist med 16 poeng året etter.
1999-2000: Divisjon 1 (2. nivå). I 2000 vart Sogdal nr 3 i serien og var klare for kvalifiseringskampar om spel i Tippeligaen. Der møtte laget Vålerenga, som hadde hamna på tredje siste plass i Tippeligaen. Etter ein dramatisk slutt i andre kampen, Tommy Øren skåra like før slutt, erobra Sogndal plass i Tippeligaen.
2001-04: Tippeligaen. Sogndal oppnådde desse fire sesongane høvesvis 8., 11., 8., og 14. plass i serien.
2005-10: Divisjon 1 (2. nivå). Vinnar av divisjonen i 2010 med 56 poeng etter 28 kampar.
2011: Tippeligaen. Nr 14 og nr 12 i dei to fyrste sesongane, begge gongane med 34 poeng.
[3]
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
Oppdatert 3. mai 2018.[4]
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
Også trenarar frå Sogndal har vore i viktige i norsk fotball. Tidlegare spelar Ingvar Stadheim, far til Anders Stadheim, var trenar for landslaget frå 1988-1990. Harald Aabrekk har vore assisterande landslagssjef og vore trenar for U21-landslaget.
Svein Bakke har scora flest mål for Sogndal, 321 mål på 513 kampar. Asle Hillestad har med 611 innhopp flest spelte kampar, like bak kjem Knut Christiansen med 608 kampar (257 mål).