Opna hovudmenyen
Lateranpalasset til venstre og til høgre sideportalen på Laterankyrkja (Lateranbasilikaen) i Roma.

Laterankonsil er den sams nemninga på fem viktige kyrkjemøte som gjekk føre seg i Roma. Kyrkjemøta eller konsila har namn etter Lateranpalasset og Laterankyrkja i Vatikanet i Roma, som tente som bustad og kyrkje under desse møta.

Det fyrste laterankonsilet gjekk føre seg i 1123 under pave Calixtus 2, Det andre laterankonsilet i 1139 under Innocens II, Det tredje laterankonsilet i 1179 under Aleksander III, Det fjerde laterankonsilet, som er blitt det mest kjende, i 1215 under Innocens III og Det femte laterankonsilet i 1512–1517 under Julius II og Leo X.

Laterankonsila er rekna som økumeniske eller felleskyrkjelege av den katolske kyrkja, men ikkje av ortodokse kyrkjer.

KjelderEndra

«Laterankonsiler», Store norske leksikon, 27. juli 2016 

  Denne kristendomsartikkelen som har med historie å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.