Pave Aleksander III

Alexander III (ca. 110530. august 1181) var pave frå 1159 til han døydde i 1181.

Pave Aleksander III

DåpsnamnOrlando Bandinelli
Føddca. 1100
Siena
Død30. august 1181
Civita Castellana
Innsett1159
Føregangar:Hadrian IV
Etterfylgjar:Lucius III

Pave Alexander III stod bittert imot keisar Fredrik Barbarossa og andre herskarar. Han oppmuntra til Austersjøkrosstoga, og var den som innførte ekteskapet som eit kristent sakrament.

Bakgrunn endre

Pave Alexander blei opphavleg fødd som Rolando (eller Orlando) i Siena i Italia. Frå 1300-talet av blir det sagt at han kom frå adelsfamilien Bandinelli, men dette er ikkje stadfesta. Han er vorte knytt til «meister Roland av Bologna», ein teolog og kanonisk rettslærd som skreiv kommentarverket Stroma eller Summa Rolandi, og Sententiae Rolandi.

I 1150 vart Rolando utnemnd til kardinal, og like etter kanslar. Han var den bitraste fienden til Huset Hohenstaufen, og keisar Fredrik Barbarossa. Då han i høve fengslinga av erkebiskop Eskil møtte på riksdagen i Besançon i 1157, hadde han med eit pavebrev som antyda at keisardømmet var eit len av pavestolen, og munnleg skjerpte han denne påstanden. Ein av stormenna til keisaren fór då mot han med drege sverd. Keisar Fredrik bad han redda han, men bad han omgåande om å reise heim.

Paveval og strid endre

Ved pavevalet i 1159 fekk Rolando flest stemmar og kalla seg Alexander 3., men keisarvennlege kardinalar valde kardinal Octavianus, og fekk han iført paveskrud. Alexander lyste Viktor IV, som motparten kalla seg, i bann. Fredrik stemna dei begge til eit møte i Pavia (1160). Alexander kom ikkje, og vart bannlyst, og valet av Viktor vart stadfesta. Alexander svara med å bannlyse keisaren, men stillinga hans i Italia vart stadig dårlegare, og våren 1162 drog han til Frankrike. Sjølv her byrja prestestanden å falle frå; men den tyske keisaren sine maktutfaldingar medverka til eit omslag, og Frankrike saman med England, Sicilia og Spania stod no på Alexander si side. Mest var han i Sens, der tilhengarane hans flokka seg om han, blant dei biskopen i Århus, Eskil, og trass utlegda voks makta hans sterkt; såleis gjekk Valdemar I av Danmark og dei danske biskopane over på partiet hans.

 
Keisar Fredrik Barbarossa underkastar seg paven. Freske frå Siena av Spinello Aretino.

Viktor døydde i 1164, og det vart vald ein ny motpave, Paschalis III i 1165. Alexander vende likevel tilbake til Roma, men vart året etter igjen fordriven av keisaren. Den tyske hæren vart ramma av pest, og dei lombardiske byane reiste seg og slutta forbund med Alexander. Paschalis døydde i 1168, og den tredje motpaven, Calixtus III, fekk aldri mykje makt. Då keisaren deretter lei det lagnadstunge nederlaget overfor lombardarane ved Legnano i 1176, måtte han ved eit høgtideleg møte med paven i Venezia i 1177 audmjuke seg og trekkje støtta si til Calixtus. Alexander fråfall på si side krava om lenshøgheit over keisarriket og lova å gje tilbake fråteke land, men sigeren var umiskjenneleg hans.

Likevel hadde han i England vunne ein endå større siger; han hadde ivrig støtta erkebiskop Thomas Becket i kampen for dei kyrkjelege ideane, og då erkebispen til sist fall som offer for kongen sitt oppfarande sinne, helgenkrona Alexander han straks, bannlyste kong Henrik II av England (1170) og tvinga han til audmjukande bot ved grava til den myrda erkebiskopen i 1174.

I september 1171 sende Alexander òg ein bulle til folk og herskarar i Norden med oppfordring om å utvide krosstoga heilt til landa rundt Austersjøen. Kristendomen stod framleis svakt der, men etter 1190 var dei nordlege krosstoga vanlege.[1]

Nidkjær for fridomen til kyrkja bannlyste han òg kong Vilhelm I av Skottland, fordi han ville påtvinge St. Andrews ein biskop av eige val (1180). Kjetteriet vart strengt fordømt på det tredje alminnelege lateranmøtet i 1179, der 300 biskopar var med, og som blir rekna som høgdepunktet av makta til Alexander. Her fekk han òg vedteke at det paveemnet som hadde fått 2/3 av stemmane til kardinalane, var lovleg vald — ei bestemming som skulle hindre dei øydeleggjande pavestridane. På grunn av romaropprøra vart han fordriven nok ein gong frå den heilage staden i den siste levetida si. Paven døydde i Cività Castellana 30. august 1181.

Ekteskapet som sakrament endre

Diskusjonen hadde gått høgt i kyrkja om kva som definerer eit ekteskap: Blir det til ved samleiet eller ved samtykket til partane? Det var Alexander som sørgde for at den siste løysinga vart den offisielle læra til kyrkja. Ifølgje Paulus i brevet til efesarane 5,23-24 er nemleg ekteskapet eit bilete på tilhøvet mellom Kristus og kyrkja — og med det eit sakrament og altså uoppløyseleg, med mindre det var inngått på feil premissar. I og med at ekteskapet gjekk over frå å vere ei bindande avtale mellom to partar til å bli eit kyrkjeleg sakrament, var det meir passande å definere det gjennom ei andeleg handling (samtykke) enn ei fysisk handling (samleie). Alexander sitt val resulterte dermed i at kyrkja si lovgiving tillét to som ynskte å gifte seg, å love kvarandre dette med berre Gud som vitne — ute på eit jorde, om så var. Dette førte til ei rekkje saker der menn lova kvinna ekteskap laurdagskvelden, for sidan å nekte for det heile. Særleg frå Bergen kjenner vi slike saker, fordi rettsdokumentene er tekne vare på.

Kjelder endre

  1. Kurt Villads Jensen: Korstogene (s. 94), forlaget Cappelen, Oslo 2006, ISBN 82-02-26321-2

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pave Aleksander III