Laterna magica (lat. 'magisk lykt') var forløparen til lysbileteframvisaren og moderne film. Instrumentet består av ei linse og ein oljelampe som projiserar bilete måla på glassplater på ein passande skjerm.

Skjematisk teikning av ei laterna magica
Foto av ei laterna magica med bilde klart.

Historie endre

Den eldste nemninga av instrumentet er frå 1671, i boka Ars Magna Lucis et Umbrae av Athanasius Kircher. På 1800-talet var det vanleg å få besøk av reisande som heldt framsyningar med eit stort utval av bilder. Nokre av desse hadde spesielle effektar ved at eit anna bilde kunne gli eller rotera over hovudplata. Eit populært døme var «rotteslukaren», som viste ein flokk rotter som hoppa inn i munnen til ein sovande mann. Under napoleonskrigane vart britar varta opp med ein slagscene mellom eit britisk og eit fransk skip som ende med at det franske skipet gjekk ned i flammar, til jubel frå forsamlinga.

fotografiet vart funne opp kunne ein laga billigare og meir naturtru glasplater. Ein kunne sjå berømte bygg og menneske og bilete frå framande land på framsyningane. Ein fekk òg seriar av bilde som fortalde ei historie, gjerne med ei lukkelege eller moraliserande ending. Dei magiske lanternene og bilda dei viste var mykje etterspurde på 1800-talet, men fall i popularitet då ein fann opp filmen med levande bilete. Framsyningsforma har likevel overlevd gjennom moderne lysbilder og kikkertforma leiketøy som kan visa fram seriar av bilete mot dagslys («Viewmaster»).