Latium (no Lazio) var i antikken namnet på den sentrale regionen i Italia som vart utgangspunkt for framvoksteren av den mektige romarstaten. Når ordet blir nytta i vidaste meining har Latium eit flatevidd på nesten 10 000 km². Det strekkjer seg langs Det tyrrenske havet frå elva Tiber i nordvest til byruinen Sinuessa (i dagens Mondragone) mot søraust, og nærmar seg mot nordaust hovudkjeda i Appenninane.[1] Historia til området svarar i det store og det heile til romersk historie i same tidbolken.[2]

Kart over Latium frå 1595.

Kjelder endre

  1. «Latium» i Salmonsens konversationsleksikon. (Andre utgåve) XV: Kvadratrod—Ludmila. (1923). København: J. H. Schultz Forlagsboghandel. Henta 24. juni 2019.
  2. «Latium». Encyclopædia Britannica. 2009. Henta 24. juni 2019.