68°23′18.820″N 14°25′14.725″E / 68.38856111°N 14.42075694°E / 68.38856111; 14.42075694 Laukvik er eit lite fiskevær i Vågan kommune i Nordland, på nordvestspissen av Austvågøy i Lofoten. Det er samband til fylkesvegar austover til E10 i høvesvis Vestpollen ved Austnesfjord og Fiskebøl ved Hadselfjorden, sistnemnte i Hadsel kommune.

Fyrste ledd i namnet kjem av norrønt laukr, lauk. I stadnamn siktar det til førekomst av ville laukvokstrar.

Kjelder

endre

«Laukvik» i Store norske leksikon, snl.no.