Europaveg 10

(Omdirigert frå E10)

Europaveg 10 (E10), er ein europaveg som på norsk side heiter Kong Olav Vs veg. Han går mellom Å i Lofoten og Töre (Kalix) i Nord-Sverige, der han møter europaveg 4. E10 kryssar riksgrensa på Bjørnfjell rett ved Narvik. Vegen over Bjørnfjell vart opna i 1984 av kong Olav V og kong Karl XVI Gustav av Sverige. Vegen er til saman 880 km lang, med om lag 470 km i Sverige. Lengda på vegen i Noreg er 397,1 km (unnateke ferjestrekninga Fiskebøl - Melbu). Av det er 345,5 km i Nordland og 51,6 km i Troms.

Europaveg 10 går gjennom Å i Lofoten, Sørvågen, Reine, Ramberg, Leknes, Svolvær, Fiskebøl, Melbu, Stokmarknes, Sortland, Langvassbukt, Tjeldsund bru,

Bogen i Ofoten, Bjerkvik, Bjørnfjell, Abisko og Töre til Luleå.

Ny europaveg 10 mellom Raftsundet og Gullesfjordbotn ("Lofast") er under bygging og er planlagd opna i desember 2007. Strekninga mellom Fiskebøl og Raftsundet vart opna i 1998. Statens vegvesen har foreslått at dagens europaveg 10 mellom Fiskebøl/Melbu og Sortland skal verte ein del av riksveg 82 når Lofast opnar, medan vegen mellom Sortland og Gullesfjordbotn vert ein del av riksveg 85. Strekninga mellom Gullesfjordbotn og Kåringen vert då ein del av både europaveg 10 og riksveg 85.[1]

E10 var før 1985 namn på stekkja Paris-Brüssel-Amsterdam-Groningen.

Historia til vegen endre

Vegen som i dag heiter europaveg 10 i Noreg heitte fram til 1992 riksveg 19 (Bjerkvik-Å) og Riksväg 98 i Sverige. Kong Olav V opna Lofotvegen offisielt sommaren 1963. Ei minneplate med namnetrekket hans står i fjellet ved Akkarvik på Moskenesøya.

Personferjetrafikk over Sortlandssundet mellom Sortland og Strand byrja i 1907, og bilferje vart teke i bruk i 1947. Ferja vart avløyst av Sortlandsbrua i 1975.

I Tjeldsundet starta bilferjetrafikk mellom Steinsland på fastlandet og Lilleng på Hinnøya i 1930. Ferja vart avløyst av Tjeldsundbrua i 1967. I 1930 starta også ferjetrafikk mellom Liland i Evenes og Øyjord i Narvik kommune. Denne ferjestrekninga vart nedlagd alt i 1938, då vegen mellom Bogen og Bjerkvik vart opna. Vegen langs Tjeldsundet mellom Harstad og Lødingen vart teken i bruk i 1958.

Den fyrste Djupfjordbrua på Moskenesøya opna i 1959. Ho vart avløyst av ei ny, moderne bru i 2003. I 1961 opna den fyrste Kåkernbrua mellom Flakstadøya og Moskenesøya. Ho vart avløyst av ei ny bru i 2002. Børøybrua mellom Stokmarknes og Børøya opna i 1965. Ferjesambandet mellom Melbu og Fiskebøl opna i 1966.

Vegen mellom Lødingen og Langvassbukt vart teken i bruk i 1963. Tjeldsundbrua mellom fastlandet og Hinnøya opna i 1967. Rørvikskartunnelen vest for Kabelvåg opna i 1974. I 1975 opna Sortlandsbrua. Hadselbrua mellom Langøya og Børøya opna i 1978, og avløyste ferjestrekninga mellom Sandnes og Stokmarknes.

På byrjinga av 1980-talet opna bruene mellom Reine og Hamnøy. Sundklakkstraumen bru mellom Gimsøya og Vestvågøya opna i 1976. Gimsøystraumen bru mellom Austvågøya og Gimsøya opna i 1981. Saman avløyste dei ferjestrekninga mellom Lyngvær og Smorten. Vegsambandet over Bjørnfjell vart opna i 1984, og knytt saman med vegen på svensk side. I 1990 opna Nappstraumtunnelen mellom Vestvågøya og Flakstadøya, og avløyste ferjestrekninga mellom Lilleeidet og Napp. Same året opna ny veg mellom Evenes og Tjeldsundbrua (utom Evenskjer).

Sigerfjordtunnelen opna i 1995, og leidde trafikken bort frå Sigerfjorden. Ny veg mellom Snubba i Evenes og Bjerkvik opna rundt 2000. Seljelitunnelen og Ramsviktunnelen på Moskenesøya opna tidleg på 2000-talet, og avløyste rasfarlege vegparti.

Nye europaveg 10 mellom Raftsundet og Gullesfjordbotn skal vere ferdig i desember 2007. Sløverfjordtunnelen ved Fiskebøl opna alt i 1997, og vegen vidare til Raftsundet (med Raftsundbrua) opna i november 1998.

Standard endre

Det er ingen del av den eigne E10-strekka som har motorveg- eller motortrafikkvegstandard. Vegen har 7–9 meters breidde. På den delen av strekka som fell saman med E4 nær Luleå er det ei kort strekke som er motortrafikkveg. I Noreg er vegen relativt svingete og har 12 tunnelar og mange bruer. Dei lengste er Hadselbrua på 1011 meter og Tjeldsund bru på 1007 meter.

Planar endre

Næringslivet i Vesterålen og Lødingen ynskjer ny veg over Kåringen ved Lødingen etter at Lofast opnar. Det vert mellom anna diskutert tunnel mellom Kanstadbotn og Fiskfjorden i Tjeldsund, men det er usikkert kva alternativ som eventuelt vert vald og når vegen vil verte bygd.

På svensk side er det ingen store planar om utbygging. På delar av strekka vert det planlagd utviding til såkalla «mötesfri landsväg», men planane er enno ikkje særleg konkrete.

Det finst visse planar om å forlenga E10 austover, Haparanda - Rovaniemi - Kemijärvi - Kandalaksja. Denne vegen kallast saman med strekkja Bodø - Haparanda for Barentsveg. Dette er i første hand i finske og russiske organisasjonar og styresmakter si interesse.

Knutepunkt endre

For meir om dette emnet, sjå europaveg 10 i Noreg og europaveg 10 i Sverige.
 
 
Svolvær i 2005
 
Tjeldsund bru.
 
E10 ved Kiruna
  Noreg
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
  Å i Lofoten
  Seljelitunnelen 1052 m
  Fjøsdalen tunnel 1641 m
  Nappstraumtunnelen 1776 m, 63 muh.
  Gimsøystraumen bru 839 m
Svolvær
  Sløverfjordtunnelen 3337 m, 112 muh.
  Myrlandstunnelen 1966 m
  Raftsundbrua 711 m
  Raftsundtunnelen 1530 m
  Ingelsfjordtunnelen 1260 m
  Sørdalstunnelen 6338 m
  Tjeldsundbrua 1007 m
Evenes   Harstad/Narvik lufthamn
Bjerkvik E6 felles trasé til Trældal
Trældal i Narvik E6
  Bjørnfjell
  Sverige
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
  E10 Bjørnfjell
Kiruna   Kiruna lufthamn
Svappavaara E45 felles trasé til Gällivare
Gällivare E45
Töre E4
Luleå   Luleå lufthamn

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Artikkel i Bladet Vesterålen 29. mars 2007: «De nye vegnumrene er klare»

Bakgrunnsstoff endre