For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Lauk (fleirtyding).
Lauk
Lauk
Lauk
Status
Status i Noreg: Framandart som ikkje er risikovurdert
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae Allioideae
Stamme: Allieae
Slekt: Laukslekta Allium
Art: Lauk A. cepa
Vitskapleg namn
Allium cepa

Lauk kan visa til ein rund planteknoll frå planter i laukslekta, men blir i daglegtala hovudsakleg brukt om kepalauk eller vanleg lauk (Allium cepa). Lauk finst berre som kulturplante, men det finst nærskylde villaukar i Sentral-Asia.

Heil og oppskoren lauk.

Den vanlege lauken er utbreidd over heile verda. Han blir brukt , steikt, kokt i sausar og supper, sylta og på ei rekkje andre vis. Lauk er særs viktig i indisk matlaging, men blir ikkje rekna som vegetarisk av strenge hinduar og djainar, ettersom å hausta ein lauk drep planta.

I Noreg er kepalauk ein framandart som vart innført som matplante i vikigtida eller tidlegare.[1] Han er funne forvilla spreidde stader, men som tradisjonell produksjonsart er han ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018[2]

Kjelder

endre
  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 215. 
  2. «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 6. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre