Laura Chinchilla
Laura Chinchilla Miranda (fødd 28. mars 1959 i San Jose) er ein costaricansk politikar som var president i Costa Rica frå 2010 til 2014. Ho representerte Partido de Liberación Nacional, same partiet som forgjengaren Óscar Arias Sánchez. Laura Chinchilla var den fyrste kvinnelege presidenten i landet nokonsinne.
Laura Chinchilla | |||
| |||
Fødd | 28. mars 1959 (65 år) San José i Costa Rica | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Costa Rica | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Institusjonar | Georgetown University | ||
Utdanna ved | Universidad de Costa Rica Edmund A. Walsh School of Foreign Service | ||
Ektefelle | José María Rico | ||
Verv | President i Costa Rica 2010-2014 | ||
Føregangar | Óscar Arias Sánchez | ||
Etterfylgjar | Luis Guillermo Solís | ||
Alle verv |
Politisk karriere
endreFar hennar jobba i mange år som riksrevisor i Costa Rica. Laura Chinchilla har studert ved Universitetet i Costa Rica og har ein mastergrad i offentleg politikk frå Georgetown University i Washington, D.C.[1]
Etter fleire ulike verv, sat ho som visejustisminister frå 1994-1996 og minister for offentleg statstryggleik frå 1996-1998. Deretter var ho ein av to visepresidentar under Óscar Arias Sánchez frå 2006-2010. Ved valet i 2010 vedgjekk motstandaren Otton Solis nederlag då 44 % av røystene var talde av di Laura Chinchilla hadde fått 47 % av røystene, og han sjølv låg på andreplass med 23 %. Chinchilla trong over 40 % for å unngå omval.[2]
Som politikar støttar Laura Chinchilla frihandel og er motstandar av abort. Ho har også eit konservativt synspunkt på homofile ekteskap, men har uttalt at ho ser behovet for å få på plass lovfesta homofile sambuarskap. I motsetnad til president Sanchez, vil ho ikkje skilja kyrkje og stat i det katolske Costa Rica. Dessutan har ho gjort det til eit mål å arbeida mot auka klimaendringar.[3] Chinchilla kan nyta godt av at Sanchez losa landet trygt gjennom den globale finanskrisa, og har uttalt at ho vil halda fram i same økonomiske kurs som under Sanchez.[4]
Populariteten til Laura Chinchilla sokk relativt kort tid etter valet. Ifølgje undersøkingar meiner kostarikanarane at ho ikkje gjer nok for å nedkjempa fattigdom, og fleire grupper har protestert for å få betringar i respektive jordbruket, helsesystemet og telefonnettverket. I ei undersøking frå 2010 omtalte 75 % at Chinchilla si regjering var «korrupt», og at 53 % hadde mistillit til måten ho administrerte på.[3]
Familieliv
endreLaura Chinchilla gifte seg fyrste gongen 22 år gamal, men dei skildest etter tre år. Ho flytte saman med ein spansk advokat på nittitalet, dei fekk ein son saman i 1996 før dei gifte seg i 2000.[3]
Kjelder
endre- ↑ Ticotimes.net: Costa Rica to inaugurate first female president saturday Arkivert 2013-04-13 ved Wayback Machine. (engelsk)
- ↑ Nrk.no, 08.02.10: Laura Chinchilla vinner valget
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Voxxi.com, 14.08.12: Laura Chinchilla: Is honesty enough for Costa Rica? Arkivert 2013-10-20 ved Wayback Machine. (engelsk)
- ↑ Neue Zürcher Zeitung, 08.02.10: Erstmals Frau an die Spitze Costa Ricas gewählt (tysk)