Opna hovudmenyen

Laurent Blanc

fransk fotballspelar

Laurent Robert Blanc (fødd 19. november 1965) er ein fransk tdilegare fotballspelar og seinare -trenar frå Alès i Languedoc-Roussillon. Han vart verdsmeister i 1998 og europameister i 2000 med Frankrike. Den høgreiste midtstopparen deltok i 97 landskampar i tida 1989-2000 og skåra 16 landslagsmål.

Laurent Blanc
Laurent blanc 11 11 2013 reves de Clara.jpg
Laurent Blanc i 2013
Fullt namn Laurent Robert Blanc
Fødd 19. november 1965 (53 år)
Alès i Frankrike
Høgd 192 cm
Posisjon Forsvar
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1983-91
1991-92
1992-93
1993-95
1995-96
1996-97
1997-99
1999-01
2001-03
Montpellier
Napoli
Nîmes
Saint-Étienne
Auxerre
Barcelona
Marseille
Inter
Manchester United
243 (76)
31 (6)
29 (1)
70 (18)
23 (2)
28 (1)
63 (14)
67 (6)
48 (1)
Landslag
1989-00 Frankrike 97 (16)
Trenarkarriere
2007-10
2010-12
2013-16
Bordeaux
Frankrike
Paris Saint-Germain

Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Blanc spelte på Montpellier frå 1983 til -91. Dei neste 12 åra vandra han mellom åtte ulike nasjonale toppklubbar i Italia, heimlandet Frankrike, spanske FC Barcelona og engelske Manchester United. Som klubbspelar vart han fransk cupmeister 1990 med Montpellier, og fransk både serie og cupmeister 1996 med Auxerre. I 1997 vann båe UEFA-cupen og den spankse cupmeisterskapen med Barcelona, medan han 2003, i sin siste sesong som aktiv spelar, vart engelsk ligameister med Manchester United.

KjelderEndra