Lauritz Tvedt

norsk politikar

Lauritz Johan Ananiasson Tvedt (26. september 187525. juni 1953) var ein norsk gardbrukar, militær-offiser og politikar frå Manger i Hordaland. Han var stortingsmann for partiet Høgre i tida 1919 til 1930.

Lauritz Tvedt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. september 1875
Manger
Død

25. juni 1953 (77 år)

Yrke politikar, bonde, offiser
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Tvedt var son til ein gardbrukar på Tveit i Manger. Etter han tok eksamen ved Garden i hovudstaden, vart han sersjant i 1898. Seinare steig han i gradane, mellom anna til furer i 1915 og var kaptein 1921-35.

Tvedt tok over farsgarden i 1900. Kring 1910 var han i tillegg nokre år disponent for Manger Meieri sitt anlegg i Bergen. Mange år seinare, i tida 1941-43, var han disponent for det samla Bergensmeieriet. Han var dagleg leiar av Alversund og Manger Dampskibsselskap i 34 år; 1908-1942.

Frå 1904 til 1928 hadde Tvedt plass i heradsstyret i Manger, og var då ordførar 1910-13 og frå 1916 til 1928. Valperioden 1919-21 var han stortingsrepresentant frå valkrinsen Nordhordland. Deretter representerte han Hordaland på Stortinget frå 1922 til 1930. Han var i alle år tingmann for partiet Høgre og medlem i Vegkomiteen. I 1926-27 tok han sete i Riksretten i saka mot Berge-regjeringa.

Kjelder endre