Alversund er ein tettstad i Alver kommune ved utløpet av Alverstraumen i Nordhordland. På staden er det kyrkje, barne- og ungdomsskule.

Alversund
stad
Alversund kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Alver
Postnummer 5911 ALVERSUND
Kart
Alversund
60°34′19″ N 5°14′9″ E

Alversund kommune 1885-1964 endre

Alversund var eigen heradskommune frå 1885 til han vart innlemma i Lindås kommune 1964. Størstedelen låg på fastlandet på Lindåshalvøya og ein mindre del på Radøy. Fram til 1923 omfatta kommunen òg austre brorparten av Holsnøy i noværande Meland kommune.

I 1884 vart det vedteke at Alversund skulle verta eigen heradskommune med sokna Alversund og Meland frå Hammer og Seim sokn frå Hosanger. Den nye kommunen hadde då eit folketal på 2793. I 1903 vart seks bruk, nemleg Sætre nordre, Sæterstølen nordre, Sæterstølen søndre nr. 4 og 42 , Fureneset og Leirdal lagt frå Strusshamn sokn og Askøy prestegjeld til Mæland sokn i Alversund prestegjeld, med 32 innbygjarar.

I 1923 vart Meland sokn med 1716 innbygjarar skilt ut som eigen heradskommune, medan dei gjennværande sokna Alversund og Seim hadde 1771 innbygjarar. I 1964 vart Alversund slått saman med Lindås kommune, saman med Hamre og Hosanger kommunar sine område nord for Osterfjorden, Titland krins av Sæbø kommune på Radøy og gardane Nipo, Dyrkolbotn og Eitrdalen i Modalen kommune. Alversund kommune hadde då eit folketal på 2099.

Før kommunesamanslåinga i 1964 grensa Alversund kommune i nord og aust til Lindås kommune, i sør til Meland kommune og vest til Sæbø kommune på Radøy.

Språk endre

Alversund kommune tok tidleg i bruk det nynorske skriftmålet. Krinsane i Seim-sokna og nokre i Meland tok nynorsk i bruk i skulen i 1908. Målstriden var likevel sterkare i krinsane ved Alverstraumen på grunn av det tettare sambandet med bybaserte miljø. Soltveit og Tveiten krinser fekk såleis ikkje nynorsk før i 1929. I kyrkja var skilnaden mindre. Dei såkalla Blix-salmane vart innrøysta til bruk i alle kyrkjene i 1907 med stort fleirtal i alle soknene. Protokollen for kommunestyret vart ført på nynorsk frå 1921. Alversund har fostra to kunstnarar som har profilert nynorsk språk og kultur, først og fremst Ivar Medaas gjennom pionerinnsats frå 1960-åra og samarbeid med nynorske tekstforfattarar som Jakob Sande, Halvor J. Sandsdalen og Herbjørn Sørebø. Dei seinare åra har skodespelaren Claus Sellevoll ført denne arven vidare, mellom anna gjennom framsyningar på Det vestnorske teateret.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for tidlegare Alversund kommune frå 1923 til 1964:

1.12.1923 1.12.1930[1] 3.12.1946[1] 1.1.1951[2] 1.1.1961[2] 1.1.1964
1771 1857 1968 1980 2064 2099

Folk frå Alversund endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  2. 2,0 2,1 Folkemengde i Alversund 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre