Lausitzerfjella

Lausitzerfjella (tsjekkisk: Lužické hory, tysk: Lausitzer Gebirge) er ei fjellkjede i Sudetane, på den søraustlege grensa av Tyskland og Tsjekkia, aust for elva Elbe, og ei forlenging av Erzgebirge, som ligg vest for Elbe. Lausitzerfjella er sjølv ei forlenging av Sudetane frå Böhmen og Moravia, som er forbunde med Karpatane. Det tilstøytande området i søraust Tyskland heiter Lausitz.

Langrennsspor på hovudryggen, Luž/Lausche i horisonten.

Den høgaste toppen er Luž (Lausche) på 793 m. Andre fjelltoppar er Pěnkavčí vrch (Finkenkoppe) 792 m, Jedlová (Tannenberg) 774 m, Klíč (Kleis) 760 m, Hvozd (Hochwald) 750 m og Studenec (Kaltenberg) 736 m.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lausitzerfjella

KjelderEndra