Lavaux
Lavaux er ein region i kantonen Vaud i Sveits i distriktet Lavaux. Sjølv om det er nokre spor etter vindyrking i området sidan romartida, kan dei faktisk vinterrassane sporast attende til 1000-talet, då benediktinar- og cistersiensarkloster kontrollerte området. Lavaux består av 830 hektar med vingardar i terrassar i om lag 30 km langs nordsida av Genfersjøen. Området har eit temperert klima, og terrassane får mykje sol på grunn av refleksjonen i innsjøen. Den viktigaste vindrua som vert dyrka her er Chasselas.
Lavaux | |||
region | |||
Vingardar nær Lausanne
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Vaud | ||
Verdsarvstad | |||
Namn | Lavaux, Vineyard Terraces | ||
År | 2007 (#31) | ||
Nummer | 1243 | ||
Region | Europa og Nord-Amerika | ||
Kriterium | iii, iv, v | ||
IUCN-kategori | kulturelt | ||
Lavaux 46°29′31″N 6°44′46″E / 46.491944444444°N 6.7461111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Lavaux Vineyard Terraces |
Vingardane i Lavaux er verna for vidare utvikling og sidan juli 2007 har dei vore ein verdsarvstad.
Galleri
endre-
Genfersjøen og Dei sveitsiske Alpane frå Lavaux
-
Genfersjøen frå Lavaux, mot Lausanne
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lavaux» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2012.