Lausanne
Lausanne er ein by og eit distrikt i den fransktalande delen av Sveits. Byen er hovudstad i kantonen Vaud og i distriktet. Kommunen har 127 821 innbyggjarar (2010) og eit areal på 41,37 km². Byen ligg ved nordbreidda av Genfersjøen (fransk Lac Leman). Bysentrum ligg 495 meter over havet.
Lausanne | |||
---|---|---|---|
Lausanne domkyrkje og gamlebyen | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Vaud | ||
Distrikt | Lausanne | ||
Språk | fransk | ||
Borgarmeister | Daniel Brélaz | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
41,37 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
127 821 3 089,7 /km² | ||
Koordinatar | 46°31.19′0″N 6°38.01′0″E / 46.51983°N 6.63350°E | ||
Høgd over havet | 495 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 1000-1018 | ||
Nettstad: www.lausanne.ch |
Han ligg nær den franske byen Évian-les-Bains med Jurafjella i nordvest. Lausanne ligg om lag 62 km nordaust for Genève.
Sudan 1875 har høgsteretten i Sveits hatt sete i Lausanne.
Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) har hovudkvarteret i Lausanne, og det olympiske museet. Den internasjonale valdgiftsretten for sport har òg sete i byen. Byen ligg sentralt i eit vinområde og er den minste byen i verda med T-bane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lausanne» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- International Academy of Sports Science og Technology (AISTS)
- Offisiell nettstad
- Offisiell turistside
- Kart over Lausanne
- Lausanne på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
Reiseguide for Lausanne frå Wikivoyage