Law-Racoviță-Negoiță-stasjonen
Law-Racoviță-Negoiță-stasjonen (rumensk Stația Law-Racoviță-Negoiță), tidlegare kalla Law-Racoviță-stasjonen, er den første permanente rumenske forskingsstasjonen i Antarktis, kalla opp etter den rumenske oppdagaren Emil Racoviță (og seinare òg forskaren Teodor Negoiță) og innvigd 13. januar 2006. Stasjonen vart opphavleg bygd av Australia i 1986 og så gjeven til Romania. Stasjonen ligg i Princess Elizabeth Land i Larsemannfjella, 2 km frå den kinesiske Zhongshan-stasjonen og den russiske Progress-stasjonen.
Law-Racoviță-Negoiță-stasjonen | |||
stasjon | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Princess Elizabeth Land | ||
- koordinatar | 69°23′18.61″S 76°22′46.20″E / 69.3885028°S 76.3795000°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Law-Racoviță-stasjonen 69°23′19″S 76°22′46″E / 69.3885°S 76.3795°E | |||
Wikimedia Commons: Law-Racoviță-Negoiță Station |
Law-Racoviță-Negoiță-stasjonen ligg på ei klippe kring 3 km frå Ingrid Christensen Kyst. Ein kjem til stasjonen med helikopter frå Davis-stasjonen, kring 80 km nordaust, eller over land frå Zhongshan- eller Progress II-stasjonen.
Historie
endreI 1986 bygde Australia Law-stasjonen for polarforsking om sommaren. Teodor Negoiță prøvde å danna ein rumensk base i Antarktis frå 1997. Etter fleire år med forhandlingar med medlemslanda i Antarktistraktaten fekk rumenarane løyve til å nytte den tidlegare australske basen. Den 20. februar 2006 vart stasjonen offisielt gjeven til Romania frå Australia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Law-Racovita Station» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Institutul Român de Cercetări Polare - Stația Law-Racoviță Arkivert 2011-10-08 ved Wayback Machine.
- (rumensk) Maria Bărbulescu, «Cercetătorul Teodor Negoiţă pleacă spre unica baza românească di Antarktis", Gândul, August 12, 2005
- COMNAP Arkivert 2008-04-24 ved Wayback Machine.