Lawrence Hafstad
Lawrence R. Hafstad (1904–1993) var ein amerikansk fysikar. Han var son av norske immigrantar.
Lawrence Hafstad | |||
| |||
Fødd | 18. juni 1904 Minneapolis | ||
---|---|---|---|
Død | 12. oktober 1993 Oldwick | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Yrke | fysikar, ingeniør | ||
Alma mater | University of Minnesota Johns Hopkins University South High School | ||
Ektefelle | Katharine Clarke-Hafstad | ||
Medlem | National Academy of Engineering |
Frå 1928 til 1942 var han knytt til Carnegie Institution i Washington, D.C., der han i samarbeid med mellom andre Odd Dahl utførte grunnleggjande eksperiment innan kjernefysikken. Dei utvikla Van de Graaf-generatoren for dette bruket og gjorde nokre av dei første målingane av spreiing av proton mot proton. I 1939 påviste dei utsendinga av forseinka nøytron etter fisjon.
Frå 1942 til 1947 var Hafstad knytt til laboratoriet for bruksfysikk ved Johns Hopkins University, dei to siste åra som direktør for laboratoriet. Han var 1949–1955 direktør for Atomic Energy Commissions si avdeling for reaktorutvikling, deretter (1955–69) visepresident og ansvarleg for forskinga ved General Motors Corp.
Kjelder
endre- «Lawrence Hafstad». Store norske leksikon. 28.02.2013.