Laxevaags Værk var eit føretak som vart stifta på Bergen Børs i 1855. Drivkrafta bak føretaket var infanterikapteinen Georg Prahl som i 1843 hadde skipa det første jernstøyperiet i Bergen, som låg i Marken. Opphavleg låg Laxevaag værk ved sidan av GraneverftetTørrisneset. Etter kvart som Graneverftet voks skapte dette mogelegheiter for andre føretak som produserte rekvisita og artiklar for skipsfarten.

Ovnsdør fra Laxevaags Værk plassert i Sogndalstrand Kulturhotell

Laxevaags Værk hadde i starten berre ein støyperibygning av tre og ein liten kai ut mot Puddefjorden. Drifta var i gang alt i desember 1855. I 1862 brann verket ned og i løpet av dei to neste åra vart reist eit stort og moderne verk på Tørrisneset. Støyperiet vart oppført i mur og på nordisda var det ei smie i to etasjar. I 1867 tok ei ny leiing over verket og fleire utvidingar kom til. På det meste var 140-150 arbeidarar tilsett ved Laxevaag Værk og det vart produsert støypegods til skipsbyggings- og bygningsindustrien, samt at verket spesialiserte seg på omnar.

Kjelder endre