Le Duan
Lê Duẩn eller Le Duan (7. april 1907–10. juli 1986) var ein vietnamesisk politikar.
Le Duan
uttalt [lē zʷə̂n] | |||
| |||
Fødd | 7. april 1907 Quang Tri | ||
---|---|---|---|
Død | 10. juli 1986 (79 år) | ||
Statsborgar av | Vietnam | ||
Parti | Det vietnamesiske kommunistpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Barn | Le Kien Trung | ||
Verv | Generalsekretær i det vietnamesiske kommunistpartiet 10. september 1960-10. juli 1986 | ||
Føregangar | Hồ Chí Minh | ||
Etterfylgjar | Trường Chinh | ||
Alle verv |
Lê Duẩn var fødd som Lê Văn Nhuận i landsbyen Bich La village i Quảng Trị-provinsen den 7. april 1907[1] (eller 1908 ifølgje nokre kjelder)[2][3] i ein fattig familie med fem barn.[2][4] Han blei utdanna i det franske kolonisystemet og fekk arbeid hjå Det vietnameiske jernbaneselskapet i Hanoi på 1920-talet.[2] Gjennom arbeidet kom han i kontakt med fleire kommunistar.[5] På denne tida blei han marxist.[6] Han blei medlem av den revolusjonære ungdomsligaen i 1928.[7]
I 1930 var Lê Duẩn ein av stiftarane av det indokinesiske kommunistpartiet, der han etter kvart blei ein av leiarane i Vietnam, både innan parti og statsstyre. Han var fengsla av kolonistyresmaktene få 1931 til 1937. Frå 1937 til 1939 steig han i gradene innan partiet, og blei med i sentralkomiteen.[8] Han blei fengsla igjen året etter for oppvigleri. Etter fem år i fengsel blei han sleppt fri, kort tid etter Augustrevolusjonen i 1945, då det indokinesiske kommunistpartiet tok makta. Han blei ein støttespelar for den vietnamesiske kommunistleiaren Hồ Chí Minh.[9]
Kjelder
endre- ↑ Le, Quynh (14. juli 2006). «Vietnam ambivalent on Lê Duẩn's legacy». BBC World News. BBC. Henta 30. mars 2012.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Shane-Armstrong 2003, s. 216.
- ↑ Lien-Hang 2012, s. 54.
- ↑ Lien-Hang Nguyen (14. februar 2017). «Who Called the Shots in Hanoi?». The New York Times. Henta 14. mars 2017.
- ↑ Sawinski 2001, s. 211.
- ↑ Tucker 2011, s. 637.
- ↑ Currey 2005, s. 229.
- ↑ Quinn-Judge 2002, s. 316.
- ↑ Ooi 2004, s. 777.
- Bibliografi
- Currey, Cecil B. (2005). Victory at Any Cost: The Genius of Viet Nam's Gen. Vo Nguyen Giap. Potomac Books, Inc. ISBN 9781612340104.
- Lien-Hang, Nguyen (2012). Hanoi's War. University of North Carolina Press. ISBN 9780807882696.
- Lomperis, Timothy J. (1996). From People's War to People's Rule: Insurgency, Intervention and the Lessons of Vietnam. University of North Carolina Press. ISBN 9780807845776.
- Ooi, Keat Gin (2004). Southeast Asia: a Historical Encyclopedia, from Angkor Wat to East Timor 2. ABC-CLIO. ISBN 9781576077702.
- Quinn-Judge, Sophie (2002). Ho Chi Minh: The Missing Years, 1919–1941. University of California Press. ISBN 9780520235335.
- Sawinski, Diane M. (2001). Vietnam War: Biographies. U.X.L. ISBN 9780787648862.
- Tucker, Spencer C. (2011). The Encyclopedia of the Vietnam War: A Political, Social and Military History. ABC-CLIO. ISBN 9781851099610.
- Denne artikkelen bygger på «Le Duan» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Lê Duẩn» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2019.