Leconte de Lisle

fransk poet

Leconte de Lisle (22. oktober 18187. juli 1894) var ein fransk diktar. Han var fødd i Saint-Paul på øya la Réunion, som tidlegare heitte Île Bourbonn, og døydde i landsbyen Voisins i kommunen Louveciennes i Yvelines i Frankrike.

Leconte de Lisle

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 22. oktober 1818
Saint-Paul
Død

17. juli 1894 (75 år)
Louveciennes

Yrke lyrikar, omsetjar, skribent, bibliotekar, litteraturkritikar
Språk fransk
Medlem av Académie française
Leconte de Lisle på Commons
Kenotaf (gravmonument på ei tom grav) over Leconte de Lisle på Cimetière du Montparnasse i Paris. Han vart fyrst jordfesta her, men grava hans vart flytta til gravlunden Cimetière marin de Saint-Paul i Saint-Paul på Réunion i 1977, der han var fødd. På kolonnen er skrive det siste verset av diktet In excelsis (Poèmes barbares): «Lumière, où donc es-tu ? Peut-être dans la mort.» (Ljos, kor er du då? Kan hende i døden.)

Leconte de Lisle er eigenleg etternamnet (familienamnet) hans. Han gjorde sitt eige etternamn til kunstnarnamnet sitt ved å sløyfe alle dei tre fornamna sine, som var Charles Marie René. Leconte de Lisle står difor som fullt namn på det fleste utgåvene av verka hans, som om Leconte skulle vere førenamnet hans. Det er dette namnet han er kjent under.

Faren til Leconte de Lisle var militær-kirurg og eigar av ein plantasje på Réunion, som var fransk koloni. Som barn budde Leconte de Lisle på Réunion og i Bretagne i Frankrike. I 1845 slo han seg ned i Paris, og frå 1848 vigde han seg fullt og heilt til poesien.

Leconte de Lisle studerte gresk og historie i Rennes i Frankrike etter å ha vore på reise til India og Sundayøane, og det var i aviser i Rennes han fekk publisert sine fyrste dikt. Han hadde vore attende på Réunion før han slo seg ned i Paris, der han tok del i revolusjonen i 1848. Ved den gløden han kjempa for at slaveriet skulle avskaffast i dei franske koloniane, kom det til brot med familien, og han levde eit fattigsleg liv til han hadde gjort seg såpass namngjeten med diktinga si at han fekk ein liten statsstønad.

Etter at Leconte de Lisle hadde lagt sitt politiske engasjement attom seg og vigd seg til poesien, meinte han at diktarar ikkje skulle engasjere seg i samtidas problem. Han vart ein av dei som propaganderte for l'art pour l'art, at kunsten berre skulle vere til for kunstens eiga skuld og ikkje ha utanforliggjande føremål. Livsverket hans dominerast av tre diktsamlingar, Poèmes antiques frå 1852, Poèmes barbares frå 1862 og Poèmes tragiques frå 1884, og av omsetjingar han gjorde til fransk av den klassiske greske litteraturen. I Poèmes antiques syner han sin vørdnad for Hellas i antikken, og i Poèmes barbares gjev han til kjenne sin kjennskap til framande religionar og myter. Han synte sterk uvilje mot religion, ikkje minst kristendomen, og delte romantikarane sine draumar om at diktinga og kunsten skulle ta over for religionen. Hans ven og elev José-María de Heredia gav i 1895 ut ei redigert utgåve av upubliserte dikt under tittelen Derniers poèmes, der det òg er nokre forteljingar på prosa.

Ikring Leconte de Lisle samla det seg ei gruppe lyrikarar som vert kalla parnassianarane, les parnassiens («parnasse» er i fransk språkbruk eigenleg ei vanleg nemning for poesi og poetar). Parnassianarane bygde på ideal som Théophile Gautier og Victor Hugo hadde gjort seg til talsmenn for. Dei poengterte at det var viktig å vere historisk sannferdige, å byggje på nøyaktige observasjonar og skildringar, og å leggje vekt på at språket og metrikken skulle gi verket kraft som kunne halde fast på det som var forgjengeleg i tilværet. Dei henta ofte motiva frå framande kulturar og religionar, eller frå vitskapen i samtida. Til å byrje med var dei radikale, men etter kvart tok dei det eksisterande samfunnet og kunsten i forsvar.

Leconte de Lisle vart i 1887 vald inn i Académie française (Det franske akademiet) som Victor Hugos etterfylgjar etter krav frå han, men vart møtt med ei fiendtleg helsingstale av Alexandre Dumas den yngre.

Litteratur på norsk om Leconte de Lisle endre