Cimetière du Montparnasse

Cimetière du Montparnasse («Montparnasse-gravlunden») er ein gravlund i bydelen Montparnasse sør i Paris i Frankrike der mange namngjetne personar er gravlagde, dei fleste franske, men òg nokre utanlandske. Gravlunden ligg i 14e arrondissement, og er avgrensa av gatene la rue Froidevaux i sør, la rue Victor-Schœlcher i aust, le boulevard Edgar-Quinet i nord, le boulevard Raspail i nordaust, og la rue de la Gaîté i vest. Gjennom den austre delen av gravlunden går la rue Émile-Richard i retninga nord-sør.

Le cimetière du Montparnasse
Le cimetière du Montparnasse og vindmølletårnet
Tårnet etter den tidlegare vindmølla, Moulin de la Charité, «Nestekjærleikens mølle»

Le cimetière du Montparnasse vart oppretta i byrjinga av 1800-talet. På staden hadde det tidlegare lege tre gamle gardsbruk. Men på 1600-talet hadde det vorte lagt ein privat gravlund her for Ordre des hospitaliers de Saint Jean de Dieu, ein religiøs orden skipa av den portugisiske Jean de Dieu (João Cidade), som vart heilagkåra i 1690. På byrjinga av 1800-talet kjøpte prefekten i departementet Seine dette arealet for at det skulle brukast som gravlund for byen, og den fyrste gravferda gjekk føre seg 25. juli 1824. På gravlunden er det katolske, protestantiske, jødiske og muslimske graver.

Gravlunden er på 19 hektar, og er såleis eit av dei største grøntområda i byen. Her er det om lag 1200 tre av ulike artar. På gravlunden står framleis eit tårn etter ei av dei mange vindmøllene til maling av korn som det i si tid var i dette området, som vart kalla Parc de Montsouris et du Montparnasse. Tårnet vart freda som monument historique 2. november 1931.

Vidgjetne personar gravlagde på Montparnasse-gravplassen endre

 
Grava til forfattarane Jean-Paul Sartre og Simone de Beauvoir
 
Grava til Émile Durkheim
 
Kenotaf (gravmonument på ei tom grav), over den franske poeten Leconte de Lisle (1818-1894), . Grava hans vart flytta til ein gravplass i Saint-Paul på Réunion i 1977, der han var fødd. På kolonnen er skrive det siste verset av diktet In excelsis (Poèmes barbares), : «Lumière, où donc es-tu ? Peut-être dans la mort.» (Ljos, kor er du då? Kan hende i døden.),

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Cimetière du Montparnasse