Lee Quincy Calhoun (23. februar 193321. juni 1989) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 110 meter hekk både i 1956 og 1960.

Lee Calhoun
Statsborgarskap USA
Fødd 23. februar 1933
Laurel
Død

21. juni 1989 (56 år)
Erie

Yrke friidrettsutøvar
Høgd 185 centimeter

Calhoun, som var fødd i Laurel i delstaten Mississippi, vann i 1956 korthekken under både den amerikanske studentmeisterskapen og forbundsmeisterskapen (AAU). Under Sommar-OL 1956 i slutten av november månad overraska han stort då han vann gullmedaljen på 110 m hekk, på same tid som landsmannen og verdsrekordhaldaren Jack Davis. Vinnartida 13,5 var ei personleg forbetring på over eit halvt sekund for Calhoun. Også i 1957 vann Calhoun korthekken i begge dei amerikanske meisterskapane.

I 1959 vann Calhoun sin tredje AAU-tittel på korthekken. Den 21. august 1960 tangerte han verdsrekordtida 13,2 under eit stemne i Bern i Sveits og melde seg i favorittsjiktet til Ol-øvinga. To veker seinare forvarte han OL-tittelen på 110 meter hekk då sommarleikane 1960 fann stad på Stadio Olimpico i Roma. Og som sist slo han ein landsmann med minst mogleg margin i kampen om gullmedaljen på 110 m hekk. Tidene for Calhoun og sølvvinnar Willie May var dei same; 13,8 sekundar.

Etter 1960 arbeidde Calhoun som friidrettstrenar ved ulike universitet i USA. Han døydde i Erie i Pennsylvania.

Kjelder endre