Leiarstrålestyring
Leiarstrålestyring er eit relativt enkelt styrsystem[1] for missilar. På 1950-talet vart det brukt retningstyrte radiobølgjer som leiarstråle, men moderne våpen brukar laser.
Prinsipp
endreEit leiarstrålestyrt missil har fire mottakarar med antenner som er retta bakover, ofte ein på kvar vengespiss. Når missilet ligger midt i strålen er signalet like sterkt i alle mottakarane. Dersom signalet vert svakare i ein av mottakarane, vil missilet svinge til motsett hald for å halde seg midt i strålen. Fodelen med dette er at missilet ikkje er avhengig av stråling eller ekko frå målet og at det ikkje er kjenslevar for elektroniske mottiltak. Ulempen er at skyttaren må fange missilet med laserstrålen og halde strålem på målet heilt til missilet råkar.