Leif Værum Larsen
Leif Værum Larsen (26. juli 1948–6. april 2009) var ein norsk trombonist og politikar. Han var i mange år solotrombonist i Stavanger Symfoniorkester. Han var ei sentral drivkraft i prosjektet med det nye konserthuset i Stavanger. Larsen var også svært oppteken av å utvikle symfoniorkesteret fram mot opninga av det nye huset. Han var i mange år tillitsvald for musikarane og på vegner av dei tilsette sat han i styret for Stavanger Symfoniorkester. Leif Værum Larsen var son av Leif Larsen som tidlegare var ordførar i Stavanger. Leif Værum Larsen sat også sjølv i mange år i bystyret for Arbeidarpartiet.
Leif Værum Larsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. juli 1948 |
Død | |
Yrke | musikar |
Kjelder
endre- «Leif Værum Larsen er død Arkivert 2009-04-08 ved Wayback Machine.» på Aftenbladet.no (07.04.2009).