Leikanger sokn på Sunnmøre

Leikanger sokn ligg på den søraustre luten av Gurskøy, i Møre bispedømme, Søre Sunnmøre prosti, Herøy prestegjeld.

Frå gamalt høyrde Leikongbygda til Rovde sokn. Det var ein vanskeleg kyrkjeveg. I 1856 vart det sett fram ynskje om å flytte kyrkja frå Rovde til Leikong. Dette vart det ikkje noko av. I 1870 vart det sendt søknad til kongen om å få oppretta eige sokn for Leikanger. Svar på denne søknaden kom frå Kyrkjedepartementet i 1871 om at det kunne opprettast eit eige sokn for Leikong og Jøsok saman med delar av Gurskedalen og delar av Eika og Eiksund. Nokre år seinare slutta heile Eika og Eiksund seg til det nye soknet. I 1957 vart Djupvika lagt til Leikanger sokn. I 1964 vart Gurskedalen overført til Sande prestegjeld og Eiksund overført til Ulstein sokn.

KjelderEndra