Opna hovudmenyen

Voss offentlege landsgymnas, oftast avkorta til Voss off. landsgymnas var eit landsgymnasVoss i Hordaland som vart tufta i 1916 som det første av sitt slag i Noreg.

Skulen heldt dei første åra til i Folkeskulebygningen. Voss kommune gav frå seg ei tomt til eige skulebygg på Skulehaugen på Vangen. Staten medverka på si side ved å finansiere ein tre-etasjes murbygning med mansardtak, heil- og halvvalmstak, gymnastikksal i eit tilbygg i vest og festsal på loftet.

Første rektor ved skulen var Peder Blix som sat frå 1916 til 1931.

Mange seinare kjende personar har gått på Voss Landsgymnas, desse inkluderer mellom anna Olav Dalgard, Kjell Bondevik, Olav Meisdalshagen, Klaus Sunnanå, Aslaug Låstad Lygre, Magne Skodvin, Alfred Hauge og Bergfrid Fjose.

Skulen vart overteken av Hordaland fylke i 1965, og skifta då namn til Voss gymnas[1]. Dette heiter den framleis.

KjelderEndra

.

BakgrunnsstoffEndra

FotnotarEndra

  1. Gunnar A. Schei, red. (1991). Voss Gymnas 75 år. Voss. s. 26. ISBN 82-992425-0-9.