Leiv Mjeldheim (fødd 29. januar 1929 i Arna, død 12. oktober 2011) var ein norsk historikar. Han vart magister i statsvitskap i 1953, og arbeidde som utanriksmedarbeidar i Bergens Tidende mellom 1956-66. Universitetslektor ved Universitetet i Bergen 1966, og professor same stad 197596. Fagområdet hans var særskilt norsk politisk historie og partitilhøve.

Leiv Mjeldheim
Fødd26. januar 1929
Død12. oktober 2011
NasjonalitetNoreg
Yrkejournalist, professor, historikar
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Mjeldheims viktigaste verk som historikar var to store band om Venstres historie frå etableringa til 1940 – ”Folkerørsla som vart parti. Venstre få 1980-åra til 1905” og ”Den gylne mellomvegen. Tema frå Venstres historie 1905 – 1940”. Han skreiv også ein studie av partiet under valskipnaden av 1905/06: ”Parti og rørsle. Ein studie av Venstre i landkrinsane 1906-1918.” Boka er detaljrik og veldokumentert med grunnlag i kjelder frå ei rekkje arkiv, både lokalt og nasjonalt.

Mjeldheim skreiv lokalhistoriske studiar og leidde arbeidet i Arna bygdeboknemd.

Mjeldheim var dessutan forfattar og medforfattar til fleire lærebøker i samfunnsfag og politikk.

Utvalde verk endre

  • Ministeriet Konow 1910–12. Ein studie i parlamentarisme og partipolitikk (1955)
  • Politiske prosessar og institusjonar (1969)
  • Det politiske system (1971)
  • Parti og rørsle (1978)
  • Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880-åra til 1905 (1984)
  • Den gylne mellomvegen (2006)

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

«Leiv_Mjeldheim» i Store norske leksikon, snl.no.