Lene Conradi

norsk politikar

Lene Øistesø Winger Conradi (fødd 5. mai 1970) er ein norsk politikar for Høgre som har vore ordførar i Asker kommune sidan 2007. Ho er den fyrste kvinnelege ordføraren i Asker. Conradi er utdanna jurist, og var før ho blei ordførar politisk rådgjevar for ordføraren i Oslo, Per Ditlev-Simonsen. Ho blei vald inn i Asker kommunestyre i 1995 og var gruppeleiar for Høgre i perioden 2003-2007.

Lene Conradi

Foto: Halvard Lundgaard
Fødd5. mai 1970 (54 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
VervOrdførar i Asker 2007–
FøregangarMorten Strand
Alle verv
  • ordførar i Asker (2007–)
  • ordførar i Asker (2023–) Sjå dette på Wikidata

Conradi har som ordførar lagt stor vekt på moderniseringa av rolla til kommunen og nye kommunikasjonsformar med innbyggjarane i Asker. Ho har innført månadlege opne møte med innbyggjarane (Lene-timen), chat-basert kontakt med kommunen, og Askerdialogen. I 2012 vann Asker Entreprenørskapsprisen for sin integrasjon av entreprenørskap i undervising.[1] Kommunen har føretatt ei strategisk satsing på bredband og digitale tenester som i 2012 tok Asker til topps i ei nordisk rangering av IKT-politikken til byare i Noreg, Sverige og Danmark.[2][3]

Kjelder

endre
  1. Asker kommune vant Entreprenørskapsprisen Arkivert 2012-05-29 ved Wayback Machine., Asker kommune.
  2. Asker er Nordens beste bredbåndsby[daud lenkje] - Asker kommune.
  3. Asker er best på bredbånd i Norden - Asker og Bærums Budstikke, 12. juni 2012.