Lenggries
Lenggries er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 9 500 innbyggjarar. Han ligg i landkreisen Bad Tölz-Wolfratshausen ved elva Isar.
Lenggries | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Bayern Niederbayern Bad Tölz-Wolfratshausen |
Geografi | |
Flatevidd - By |
242,88 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
9 553 39/km² |
Koordinatar | 47°41′0″N 11°34′0″E / 47.68333°N 11.56667°E |
Høgd over havet | 679 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 83661 |
Telefon-retningsnummer | 08042, 08045 |
Bilnummer | TÖL |
Heimeside: www.lenggries.de |
Geografi
endreLenggries ligg ved elva Isar før ho renn inn i Alpenvorland. I aust ligg Tegernseerfjella, i vest ligg fjellet Brauneck med ei høgd på over 1 551 meter over havet. Brauneck er eit kjent skiområde. Byen Lenggries ligg 700 meter over havet.
Historie
endreLenggries vart først nemnd i dokument i 1220. I mange år var Lenggries den einaste busetnaden i området som vart styrt av baronane av Hörwarth frå Hofmarkslottet. I 1705 vart den første motstanden mot austerrikarane organisert i Lenggries. Dette førte seinare til slaget ved Sendlinger Bauernschlacht. Frå 1808 til 1818 vart Lenggries ein politisk sjølvstendig kommune. I 1924 vart Lenggries knytt til jernbanenettverket, som førte til auka turisme, som i dag er hovudnæringa for staden. Frå 1935 til 1939 var ein Gebirgsjäger (tyske fjellinfanteristar) stasjonert i Lenggries.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lenggries» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juli 2007.