Lennart Atterwall

Lennart Folke Alfons Atterwall, fødd Ohlsson, (26. mars 191123. april 2001) var ein svensk friidrettsutøvar frå Perstorp i Skåne som tevla i spjutkasting og mangekamp. Han vart europameister i spjutkasting under friidretts-EM 1946 i Oslo.

Lennart Atterwall


Statsborgarskap Sverige
Fødd 26. mars 1911
Perstorp
Død

23. april 2001 (90 år)
Sjöbo

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1936

Atterwall var svensk meister i spjukasting åtte gongar; 1934-35, 1937-41 og 1946. I tillegg vann han femkampen i den svenske meisterskapen i 1937, og tikampen i 1940.

Sommaren 1936 deltok Atterwall i Sommar-OL 1936 i Berlin, og vart fjerdemann i spjuttevlinga med eit kast på 69,20 m. Seks veker seinare, den 20. september, sette han svensk rekord i øvinga med eit kast som målte 71,72 m.

I landskampen mellom Ungarn og Sverige 9.-10. oktober 1937 i Budapest vann Atterwall spjutkastinga med 75,10 m, men kastet vart ikkje godkjend som svensk rekord grunna sterk medvind. Ei veke etterpå, den 17. oktober, forbetra han i Stockholm sin svenske rekord til 74,77 m. Rekorden stod seg til 1951. Året etter vart han nummer seks i spjutøvinga ved EM i friidrett 1938 i Paris.

Atterwall vann gullmedaljen i spjutkast under EM i friidrett 1946 i Oslo. På Bislett stadion fekk han opp eit kast på 68,74 m og viste finnane Yrjö Nikkanen og Tapio Rautavaara til sølv- og bronseplass.

Atterwall la opp i 1947.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre