Lenne er ei elv i Sauerland i Nordrhein-Westfalen vest i Tyskland, og ei av sideelvane til Ruhr frå venstre med ei lengd på 128 km. Ho har sitt utspring på toppen av Kahler Asten nær Winterberg, og munnar ut i Ruhr ved byen Hagen. Med ei middelvassføring på 25 m³/s nær munningen er ho den største sideelva til Ruhr. Begge elvane har utspring ganske nær kvarandre, men går forskjellige vegar før dei møtes igjen i Hagen. Andre byar langs Lenne er Schmallenberg, Lennestadt, Finnentrop, Werdohl og Altena.

Lenne
elv
Land  Tyskland
Nedslagsfelt 1 353 km²
Lengd 128 km
Middelvassføring 25 /s
Kjelde Sauerland
 •  høgd 819 moh.
Munning Ruhr
Kart
Lenne
51°10′47″N 8°29′04″E / 51.179816666667°N 8.4843666666667°E / 51.179816666667; 8.4843666666667
Wikimedia Commons: Lenne

Kjelder

endre