Lenzspitze
Lenzspitze er eit 4 294 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits, i kantonen Valais. Fjelltoppen er den sørlegaste i fjellrekka Nadelgrat, og ligg nord for fjellet Dom i massivet Mischabel. Lenzspitze reiser seg ovan om turiststaden Saas-Fee i aust, og dalen Mattertal i vest.
Lenzspitze | |||
fjell | |||
Nordaustveggen
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Wallis-Alpane | ||
Høgd | 4 294 moh. | ||
Primærfaktor | 86 m ↓ mot Nadelhorn | ||
Koordinatar | 46°06′16.7″N 7°52′06.4″E / 46.104639°N 7.868444°E | ||
Lettast tilkomst | Sørvestryggen (vestflanken) blanda kring PD | ||
Førstestiging | Clinton Thomas Dent | ||
- dato | August 1870 | ||
Lenzspitze 46°06′17″N 7°52′06″E / 46.104638888889°N 7.8684444444444°E | |||
Plasseringa i Sveits
| |||
Wikimedia Commons: Lenzspitze |
Lenzspitze vart klive fyrste gongen i august 1870 av Clinton Thomas Dent, fjellføraren Alexander Burgener og Franz Burgener. Dei kom opp nordaustsida til skaret Nadeljoch og fylgde deretter nordvestryggen til toppen av fjellet. Denne ruta vert sjeldan brukt i dag.
Austnordaust-ryggen startar ved Mischabel-hytta. Den ryggen vart fyrste gongen klatra den 3. august 1882 av William Goodman, Ambros Supersaxo og Theodor Andenmatten.
Nordaustsida byr på ein klatretur over bre og is, med mellom anna ein 500 meter høg fjellvegg opp til 56 grader steil. Dietrich von Bethmann-Hollweg, Oskar og Othmar Supersaxo kleiv opp fjellsida den 7. juli 1911. Heini Holzer rann ned denne fjellsida på ski den 22. juli 1972.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lenzspitze» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2009.