Dom er eit fjell i Wallis-Alpane i Sveits, ovanom Saas-Fee i kantonen Valais. Med sine 4 545 m er det den tredje høgste fjelltoppen i Alpane og den nest høgste i Sveits. Dom er den høgste toppen i fjellrekka Mischabel, det høgstliggjande fjellmassivet som i sin heilskap ligg i Sveits.

Dom
fjell
Nord- og vestveggen
Land  Sveits
Kanton Valais
Fjellkjede Wallis-Alpane
Høgd 4 545 moh.
Primærfaktor 1 046 m ↓  Neues Weisstor
mot Monte Rosa
Sekundærfaktor 16,6 km → Nordend
Koordinatar 46°05′42″N 7°51′36″E / 46.09500°N 7.86000°E / 46.09500; 7.86000
Lettast tilkomst nordflanken (II) over bre
Førstestiging J. L. Davies
 - dato 1858
Kart
Dom i Mischabel
46°05′40″N 7°51′24″E / 46.094444444444°N 7.8566666666667°E / 46.094444444444; 7.8566666666667
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Dom (mountain)
Dom og Matterhorn sett frå Riederalp
Fjellrekka Mischabel sett frå sør. Täschhorn (venstre) og Dom i midten

Sjølv om 'Dom' på tysk er samanfallande med 'kuppel', kan det også forståast som 'katedral'. Og fjellet er oppkalla etter kanniken Berchtold frå katedralen Sitten i Sion. Han var den fyrste som utforska grannelaget kring fjellet.

Det tidlegare namnet Mischabel kjem frå ei tyskspråkleg dialekt og tyder høygaffel, då dei høgste tindane i massivet står nær einannan.

Geografi endre

Dom er det høgste hornet i ei fjellrekke som strekker seg frå Schwarzberghorn i sør, til skjeringspunktet med hovudfjellkjeda i Alpane, vidare til Seetalhorn i nord og som endar ovan om byen Stalden.

Dei to dalane som ligg på kvar si side av fjellrekka er Mattertal i vest og Saastal i aust. Byane Randa og Saas-Fee ligg begge 6 km frå fjelltoppen i høvesvis vest og aust.

Etter som Dom ligg utanfor Alpane si hovudfjellkjede, renn elvane både vest for og aust for fjellmassivet ned i same hovudelva, Rhone. Dette er det høgste fjellet der det er slik.

Mange høge toppar ligg berre få kilometer frå toppen av Dom. Mot nord strekker Nadelgrat seg, på denne egga ligg Lenzspitze, Nadelhorn og Stecknadelhorn. Nadelgrat er godt synleg frå nord og gjev massivet sin karakteristiske gaffelutsjånad. Den nest høgste tinden i massivet, Täschhorn, ligg sør for Dom. Totalt åtte fjelltoppar i fjellrekka Mischabel er over 4 000 m høge.

Dei to største isbreane i området er Riedgletscher ved foten av Nadelgrat og Feegletscher, ved foten av sjølve Dom og under austveggen av fjellet.

Geologi endre

Massivet består nesten i sin heilskap av gneis frå Siviez-Mischabel nappe. Denne er del av Briançonnais mikrokontinent og høyrer til Penninic nappe.

Klatresoge endre

Den fyrste bestiginga vart føreteken langs Festigrat (nordvestegga) av J. L. Davies og fjellførarane Johann Zumtaugwald, Johann Krönig og Hieronymous Brantschen den 11. september 1858.

I 1879 vart vestegga (ovan om Festikinlücke) kliven for fyrste gong. Eit klatrelag på sju personar traverserte vestveggen for å kome opp på Festigrat før dei kom til topps. Den fyrste fullstendige oppstiginga langs vestegga vart gjort i 1882 av P. Güssfeld og fjellførarane Alexander Burgener og B. Venetz. Direkteruta opp vestveggen vart fyrst klatra i 1962.

Den 1 000 meter høge austveggen ovanom Saas Fee vart kliven i 1875 av J. Petrus, A. Puckle, W. Puckle og L. Noti.

I august 1906 var Geoffrey Winthrop Young, R. G. Major og fjellførarane Josef Knubel og G. Lochmatter dei fyrste som klatra opp sørveggen. Young heldt ruta for farlegare enn ruta som han klatra i ein liknande fjellvegg på nærliggjande Täschhorn to dagar tidlegare. Toppen nådde dei likevel utan nokon skade.

18. juni 1917 gjekk briten Arnold Lunn og Josef Knubel til topps på Dom med ski. Turen gjekk over Hohbergletscher på nordsida av fjellet.

Klatreruter endre

Dom kan klivast rimeleg lett då normalruta ikkje byr på større vanskar. Med ei oppstiging på 3 100 høgdemeter er det likevel ein krevjande tur med opplagt fare i den øvre delen. Kabelvogner og slikt for noko er utbygd berre i området kring Saas Fee på austsida av fjellet. På den sida av Dom vert alle rutene til topps rekna for vanskelege.

Ein enklare veg til toppen startar frå Randa (jarnbanestasjon på 1 450 m) der ein turveg leier til Dom-hytta (2 940 m). Normalruta startar frå hytta og går opp mot skaret Festijoch (3 720 m). Vidare fylgjer den Hohberggletscher til toppen av nordveggen. Festigrat, som vart traversert på fyrstebestiginga, er nordvestegga som går direkte frå Festijoch til toppen. Ho vert føretrekt av klatrarar som vil unngå dei lange skråningane på nordsida av fjellet.

Bilete endre

Litteratur endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre