Opna hovudmenyen

Leo Hjortsø, eigenleg Leo Erwyn Hjortsø (24. august 190929. desember 1996), var ein dansk klassisk filolog, lektor, omsetjar og forfattar med klassisk gresk språk, litteratur og mytologi som sitt spesialfelt. Han var ein ivrig formidlar av gresk kultur frå den klassiske oldtida og fram til våre dagar, og står attom fleire omsetjingar til dansk av klassisk gresk litteratur, ofte i samarbeid med andre fagfolk. Dessutan har han skrive fleire bøker om kulturen i Hellas i antikken og i notida. I Noreg er han særleg kjend for boka om gresk mytologi, som er kome ut i norsk omsetjing.[1]

Leo Hjortsø
FøddLeo Erwyn Hjortsø
24. august 1909
København
Død29. desember 1996
Yrkefaglitterær forfattar

FotnotarEndra

  1. Greske guder og helter, omsett av Kåre A. Lie (originaltittel: Græske guder og helte), Oslo 2005 (fyrste norske utgåva 1998): Pax Forlag A/S. ISBN 8253027699

BakgrunnsstoffEndra