Leo Jogiches (17. juli 186710. mars 1919) (Tyzka) var ein sosialistisk polsk-tysk politikar, og han var med på grunnlegginga av Det tyske kommunistpartiet KPD. Han var fødd i det polske Vilna, no Vilnius i Litauen, og døydde i Berlin.

Leo Jogiches

Statsborgarskap Sveits, Polen, Det russiske imperiet
Fødd 17. juli 1867
Vilnius
Død

10. mars 1919 (51 år)
Berlin, Moabitfengselet

Yrke politikar, revolusjonær, redaktør
Språk polsk, tysk, russisk
Politisk parti Sozialdemokratische Partei Deutschlands, Kommunistische Partei Deutschlands, Sosialdemokratiet i kongeriket Polen og Litauen, Det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet
Partnar Rosa Luxemburg
Leo Jogiches på Commons

Jogiches stod Rosa Luxemburg nært, og var medlem i Sosialdemokratiet i Kongeriket Polen og Litauen (SDKPIL). Han var skeptisk til bolsjevikane si linje i det russiske sosialdemokratiet.

Under første verdskrigen levde han i skjul i Berlin. Saman med blant andre Franz Mehring, Karl Liebknecht og Rosa Luxemburg var han med å grunnleggje Spartakusforbundet og 1. januar 1919 Det tyske kommunistpartiet KPD.

Etter den tyske novemberrevolusjonen, under spartakistoppstanden i Berlin, vart Rosa Luxemburg og Karl Liebknecht myrda av høgre-ekstreme frikorps-soldatar. Dette skjedde 15. januar 1919. Etter dette vart Jogiches leiar i partiet. I mars 1919 vart han arrestert, og den 10. mars vart han myrda i fengselet i Berlin-Moabit.

Leo Jogiches hadde til liks med den fremste teoretikaren i partiet, Rosa Luxemburg, vendt seg imot ei leiande rolle for det russiske kommunistpartiet (bolsjevikane) i internasjonal arbeidarrørsle. Først etter han var død begynte KPD å bli meir avhengig av Moskva. På grunn av misnøye med denne innverknaden frå Moskva såg etterfølgjaren til Jogiches, Paul Levi, seg nøydd til å trekkje seg som partileiar, i februar 1921.

Både Jogiches og Levi var døme på ein type tidlege «luxemburgske» kommunistar som var annleis enn den bolsjevikiske typen som sidan vart bestemmande i kommunismen overalt.

Kjelder

endre