Leon er eit namn som kan brukast som stadnamn eller mannsnamn. Leon har namnedag den 28. juni.

León kan vera eit mannsnamn og eit stadnamn, som her i den spanske byen León.
Politikaren Léon Gambetta.

Mannsnamnet kan vera ei fransk form av Leo, Léon, som tyder 'løve', eller ei kortform av namn som byrjar med Leon-, som Leonardo og Leonidas. Desse namna er igjen avleidde av det greske ordet leon (λέων), som også tyder 'løve'.

Ein finn også namnet som stadnamn i noverande Spania gjennom kongeriket León, provinsen León og byen León. Namnet kjem frå det romerske legion. Mexico har byen León i Guanajuato. Byen León i Nicaragua er hovudby for departementet León. Kings of Leon er ei populær amerikansk rockegruppe.

Namneberarar endre

Kjelder endre